Nokre punkt om versjonskontroll:
- tek vare på historia (alle versjonane)
- det blir ei tidsmaskin - det er alltid mogleg å angra seg, og gå tilbake til fortida (framtida er det enno litt vanskeleg å gjera noko med)
- flettar av seg sjølv i hop dine og mine endringar
- heile historia ligg på éi datamaskin
- alle hentar sin eigen kopi derifrå (det var det vi gjorde i går)
- vi endrar på ei fil ...
- ... og sender endringane tilbake til sentralen
Bilete: Lene sjekkar inn og Maja oppdaterer
- og sentralen (gtsvn) sender ut endringane til alle andre - når dei ber om det!
- programmet vi bruker flettar i hop mine og dine endringar - så lenge det er rein tekst, og vi ikkje har endra på same line
- har to personar endra på same line, blir det konflikt, dvs at då klarar ikkje datamaskina lengre å vita om det er di eller mi endring som gjeld; slike konfliktar må løysast manuelt: eg må seia om eg vil ha mine eller dine (eller ein kombinasjon) endringar
Derfor:
- oppdater ofte
- oppdater alltid før du sjekkar inn
- sjekk inn ofte - mange endringar (som du får om du sjekkar inn sjeldan) fører lettare til konflikt
Viktige grunnreglar:
- vi prøver å halda koden "rein" - dvs at koden til ei kvar til skal kunna omformast automatisk til eit dataprogram, til ordbøker, til oahpa-materiale, til ein stavekontroll, osb.
- det betyr at endringar som øydelegg koden ikkje kan aksepterast
- det handlar om kvalitetssikring
- ikkje alle kan få rett til å senda inn endringane sine direkte
- til å byrja med må de i staden senda inn ei "bot" ("patch"), dvs ei fil som innehelding endringane du har gjort; det er enkelt å laga ei slik bot med TortoiseSVN
- etter kvart som bøtene som kjem inn blir betre og reinare, kan folk få direkte skrivetilgang, men ikkje før
Desse filene som vi arbeider på er "råfiler", det er det vi byggjer ordbøkene av - men dei er ikkje sjølve ordboka som du kan slå opp i og søkja i. Ordboka er det Ciprian som lagar (eller nokon annan).
- oppdater svn
- rediger fila
- lagra fila
- oppdater svn
- lag ein lapp ("patch")
- send inn lappen til [email protected] eller [email protected]
- klikk på "e" i lista øverst
- klikk på "Insert before" eller "Insert after"
- trykk retur/linjeskift
- skriv inn oppslagsord + ordklasse
- trykk TAB
- skriv inn omsetjing + ordklasse
- lagre